Stein Torleif Bjella

No er han igjen aktuell med ny musikk, og eit nytt album er venta hausten 2023.

Bjella gjorde seg for alvor bemerka med solodebuten «Heidersmenn» i 2009, og to år seinare innkasserte oppfølgaren «Vonde visu» Spellemann-prisen. «Heim for å døy» avslutta trilogien i 2013, med førsteplass på VG-lista.

Etter dette har artisten fra Ål i Hallingdal sleppt dei kritikarrosa studioalbuma "Gode Liv" og "Øvre-Ål Toneakademi", samt laga eit eksperimentelt spoken word improalbum saman med bandet, gjeve ut «Bjellasangar arrangert for messing & tre», eit samarbeid mellom Bjella og Kringkastingsorkesteret, og vunne Edvardprisen, Prøysenprisen, Skjæraasenprisen og Bendiksenprisen.

"Eg ska kysse so Jesus gret" og "Psykisk kan du vera sjøl", syng Bjella. I musikken hans møtest ytterpunkta: Eit auge ler, eit gret. Sørgmodig glede og romantisk hjartesorg. Personane, skildringane og fortellingane me møter i tekstuniverset var også inspirasjonen til teaterstykket «Kan nokon gripe inn», sett av over trettitusen, då det blei sett opp på det Norske Teateret i 2017.

Stein Torleif Bjella er i tillegg ein respektert forfattar, og står bak diktsamlinga ”Jordsjukantologien Nr. 1”,  og romanen «Fiskehuset», som begge har hausta strålande kritikkar og kome i fleire opplag. "Fiskehuset" blei nominert til P2-lytternes romanpris og mottok Nynorsk Litteraturpris. Romanen er til no oversatt til dansk, tysk, nederlandsk, tsjekkisk og færøysk.

Onsdag 25. oktober klokka 21.00