Vikjo visefestival. 25. – 28. oktober 2023.

Vikjo visefestival. 25. – 28. oktober 2023.

Osvald, torsdag 26. oktober klokka 19.30

Olsen & Jensens lettbeinte musikkquiz

Velkommen til ein kjekk «late night»-kveld med musikalske innslag og lure musikkspørsmål. Her gjeld det å samla saman eit lag beståande av musikkelskarar.

Olsen og Jensen serverer musikalske nøtter gjennom kvelden. Nokre av oppgåvene er det kveldens vesle husband som står for. Andre bli levert av gjester. I løpet av kvelden skal eit vinnarlag kårast, og ein fin premie delast ut.

Obs! Det kan også vanka premie for beste lagnamn.

Arena, onsdag 25. oktober klokka 21.00
(dørene opnar kl 20.00)

Stein Torleif Bjella

Dette er ein av landets aller største versekunstnarar, med ei rekke utgjevingar bak seg, som til saman har hausta fantastiske kritikkar, og skaffa han trufaste fans over heile landet.

Arena, fredag 27. oktober klokka 19.00
(dørene opnar kl 18.00)

Tønes

Endeleg drar Tønes og Erlend Aasland på turné saman igjen!

Den sprudlande multiinstrumentalisten Erlend Aasland har ei bemerkelsesverdig evne til å meistre eit stort antal instrument og låtar på kort tid. Ingen veit kva slags nye instrument som vil dukke opp i haust. Sannsynligvis ikkje han sjølv eingong.

Osvald, laurdag 28. oktober klokka 16.00
Billettpris: 250 kroner

Jørgen Sandviks Permanent Vacation

Real Ones-gitarist Jørgen Sandvik viser vegen framover for bluesen! Solodebuten Permanent Vacation (som òg er namnet på bandet) kom i 2018, og fekk strålande tilbakemeldingar over heile linja – ein platepratar i England meinte at Sandvik «moves the blues forward». Albumet, som består av ei blanding av coverlåtar og sjølvskrive materiale, er banebrytande og tradisjonelt på same tid, med eit rått, nedstrippa uttrykk, sterke melodiar og pulserande, levande «feeling».

Osvald, fredag 27. oktober klokka 21.00

De Musikalske Dvergene

Konkret, rett fram norsk rock», blir det sagt om De Musikalske Dvergene. Favorittane våre i Bergen har gjeve ut ti album og hatt torsk til middag kvar torsdag i 40 år. Dei lever så definitivt ikkje opp til mottoet «garantert ambisjonsløs rock». Dvergene spelar melodisk rock med underfundige og kvardagslege tekstar, eit omgjengeleg og jordnært kultband. No har du sjansen til å høyra dei på Osvald Pub igjen!

Arena, laurdag 28. oktober klokka 12.00
(dørene opnar kl 11.00)

Captain Frodos
Magiske Sirkus

Her er me ein stad der draumar blir verkelege. Der barn hyler av glede og begestring, mens vaksne tørker tårer av latter. Ei forrykande blanding av sirkus og magiske øyeblikk, blanda saman med god, gammaldags tivolimoro. Pandemien stengte Las Vegas og sendte Captain Frodo heim til Haugesund etter 25 år på turnear i utlandet, med stor suksess blant anna i London, New York, Sydney og Las Vegas. No kosar han seg med å presentera si verdskjende
og unike underhaldning for barn i alle aldrar.

Arena, laurdag 28. oktober klokka 21.00
(dørene opnar kl 20.00)

Valkyrien Allstars

Frå Valkyrien sleppte si sjølvtitulerte debutplate i 2007, eit album som raskt selte til gull, har dei halde fram med å utforska og utfordra bruken av tradisjonelle instrument og gammal norsk musikk i eit kontemporært uttrykk. 

Kjøp billettar no!

Kjøp billettar no!